
Eg er ofte veldig forundra over ting eg les eller høyrer i mediene. Det gjeld ikkje berre politikk og andre samfunnsrelaterte sakar, men også kulturelle sakar. Under kultur ser eg ikkje berre musikk, biletkunst og teater, men også idrett i alles slags formar. Det som er berre så påfallande er at kunst og musikk ikkje får den same merksemda som idretten. Det syns eg er merkeleg. Og eg har fundert litt over kvifor det er så merkeleg.
Det vert påstått (og delvis bevist) at idrett er sunt for kropp og sjel. Drivar du med idrett eller berre med litt training, så er dette godt for helsa di. Du held deg lenger frisk, kan til og med halde deg ung, eldest ikkje så fort osb. Det høyrest bra ut - og det stemmar jo. Men berre så lenge du ikkje overdriv! Sjå på alle dei toppidrettsutøvarar som med jamne mellomrom er ute med skadar. Og så når dei har blitt for gamle og pensjonerer seg frå idretten sin, så kjem seinskadane... Nei, det er vel det beste beviset på at det ikkje alltid stemmar at idrett er sunt. Det er i alle fall dyrt! Å drive med idrett er ikkje noko billig sak. Sjølv dei som berre trener litt, veit at det kostar. Ein må betale ganske mykje for klede og sko. Og så kjem kanskje gebyr på treningssenteret i tillegg. Skal du gå på ski, må du kjøpe ski, støvlar, skidress. Det hopar seg opp for eit vanleg menneske óg. Er du proff, så få du jo i alle fall betalt for det du drivar med. Det er ikkje lite ein kan tene som proff. Det veit dei fleste som følgjer med på sportsnyheitene. Dei proffe har ein heil stab rundt seg som står opp for utøveren. Treng du motimasjonshjelp, så snakkar du med din mentalcoach. Treng du nokon massasje, så avtalar du ein time med fysioterapeuten din. Er noko galt med utstyret ditt, så får du også hjelp frå folka i teknisk avdeling. Og er du skada, så er helsepersonell til stades for å rette opp skadane... Kvar kjem desse pengane frå? Jo, frå skattepengane dei vanlege menneska betalar inn - og frå sponsorar som til dels er private og til dels er statlege/offentlege. Altså kjem stort sett alle sponsorpengane frå skattepengane som heilt vanlege mennesker har betala inn...
Ikkje misforstår meg: Eg vil ikkje idretten og treninga til livs. Folk må få lov å gjere dei meinar er godt for kroppene sine. Så lenge det er gøy og dei er motiverte, er det heilt greitt. Men kvifor får berre idretten denne merksemda i mediene og sponsorpengar i massevis i motsetnad til musikk og kunst når det er bevist (!) at kunst og musikk er like viktig for helsa? Dei som driver med kunst og musikk veit kor vanskeleg det kan vere å få nokre pengar frå støtteordningar og sponsorar. Dei stiller høge krav og betingelser, og kjem du ikkje under den eine kategorien dei støttar opp under, så får du ingenting. Dette er så merkeleg. Men i motsetnad til idretten som kan føre til skadar, så skadar musikk og kunst ikkje. Tvert om. Det er vitenskapeleg bevist at musikk har helsefremjande effekt. Og ein må ikkje spele eit instrument for å kunne få nytte av denne effekten. Det er nok med å bruke stemma si i eit kor for eksempel. Korsong skal vere spesielt helsefremjande. Det skjer noko heilt spesielt positivt med hjerteslag og pust når ein syng i lag med fleire folk. Hjerteslaga til koristane verte liksom synkroniserte. Pusten som brukast koordinert og over lange melodilinjer vert liksom trent opp til å gjere oksygenopptaket betre. Lungekapasiteten aukar - noko som er godt for hjerte-kar-systemet. Hjernen vert trent til å hugse betre. I tillegg vert produksjonen av lykkehormoner skrudd opp. Og som sagt - ingen vert skada av dette! Det er veldig sjeldent at nokon må leggjast inn på sjukehus grunna deltaking i korsong. Eg kjenner t.o.m. folk som har fått betre livskvalitet etter dei har byrja å syngje i kor...
Det same skjer med folk som høyrer på musikk. Når ein berre lytter på musikk så gjer pulsen akkurat det same som med koristane i koret: hjerteslaget vert synkronisert med musikkens puls - noko som er god trening for hjertemuskelen. Pusten vil gå rolegare. Den vert djupare - akkurat som med koristane i koret. Forskjellen er at dei som driv aktivt med musikk får mykje meir ut av denne treninga sidan den er meir intensiv og derfor meir effektiv (likeeins med folk som berre ser på fotball i staden for å spele sjølv...).
Det er altså lett å innsjå at musikk/kunst er like viktig som idrett når det gjeld helsegevinst. Forskjellen er skadepotensialet som er mykje lågare når ein driv med musikk eller kunst. Det vil koste samfunnet mykje mindre - tvert om hjelpe å spare inn masse pengar som ein måtte bruke til å lege sår og beinbrudd...
Som eg skreiv i starten: eg vil ikkje kritisere dei som likar å drive med idrett. Folk som spelar fotball eller handball eller elskar å jogge eller symje skal alltid gjere det dei har lyst på. Men når det gjeld økonomisk støtte frå samfunnet eller sponsorar ynskjer eg eit holdningsskifte. Musikk og kunst skal støttast på lik linje som idrett. Fordi det er godt for helsa vår.
PS: Nei, det er ikkje heilt sant likevel, det eg skreiv. Ein kan få skade av musikk likevel. Men kun når lydteknikaren skruer opp høgtalarane så høgt at det gjer vondt i ørene. Då kan både musikarar og publikummarar få hørselskade. Men diverre er lydteknikarar sjeldent musikarar sjølve...
Comments